fredag 9. januar 2015

Fornuftig mat på tur

Når ein er på tur er det viktig å få i seg nok mat. På tur treng vi meir mat enn på ein stillesitjande kvardag. På turen treng du ca 3000-5000 kcal. Ute på tur treng du og mykje meir væske enn vanleg. Vi treng og å få i oss fornuftig og rett type mat. Du bør ha med deg ein variert kost. Både sjokolade og grovbrød osv. Sjokoladen gir rask energi, men den varar ikkje så lenge, medan grovbrød varar gir litt mindre nergi men varar i fleire timar. Matpakken bør helst inneholde ein god porsjon karbohydrater som gir eit stabilt blodsukker over tid. Karbohydrat har vist seg å vere den mest effektive energien for musklane våra ved høg intensitet. I kvardagen bør inntaket av mat innehalde ca 55% karbohydrat, 30 % feitt og 15 % protein, men når du er på tur kan det vere lurt å auke inntaket av karbohydrat for å sikre nivået på blodsukker og glykogen.

For dei som går raske turar å ikkje ønskar å bere med seg for mykje, er det viktig å velga mat som tar liten plass, men som likevel gir bra og riktig energi Gode alternativ då er muslibarer, sportsbarer, tørka frukt og litt nøtter eller banan, pluss rikelig med drikke
Ein god regel visst du skal på langtur er å alltid ta med litt ekstra mat og drikke for sikkerhetsskyld, særleg visst du er på tur i områder kor du ikkje er så kjent og ikkje er heilt sikker på kor lang turen blir til slutt.

Årstida  spelar ei rolle når du skal finne ut kva du skal ha med deg på tur. Når det er kaldt og frostvær må du tenke på at maten ikkje skal fryse, og i varmen må ein tenke på at maten skal halde seg. Vi set ulike krav til mat på ulike turar. Maten til tur i vinterfjellet stiller dei største krava til oss, for her må vi tenke på at han skal oppfylle fleire krav samtidig; Han skal gi varme, må ikkje fryse, vere lett, fylle lite og gi mykje energi.

Frukost
Til frukost lønnar det seg å ete havregraut eller liknande, med litt tilbehør som f.eks rosin, blåbær eller nøtter. Havregruten har nokre klare fordelar som turfrukost. Råvarene er lette og rike på karbohydratar, du får i deg mykje væske og det er alltid godt med ein varm frukost som start på dagen. Det er ein ganske enkel frukost der du berre kokar opp havregryn og vvatn. Havegrauten gir deg energi som varer i fleire timar, derfor er det veldig bra å ete til frukost.

Havregraut (8 personar)
4 store koppar havregryn
8 store koppar vatn
eventuelt litt salt
Kok havregryn og vatn opp og la det koke
i 2-4 minutt. Deretter smaker du grauten
til med salt. Kan varierast med tørka frukt,
solsikkekjernar, nøtter, smør, sukker osv.


Frokostblanding
250 g store havregryn
150 g cornflakes
100 g rosiner
100 g havrekli
100 g nøtter eller solsikkekjerner
10 matskeier tørrmjølk
Sukker etter ønske
Vekt ca 700 gr
Nok til 7 dagar

Lunsj
Medan til Lunsj er det lurt å velje noko brødmat som også gir deg energi som varer i fleire timar. Du må også drikke rikeleg med væske, då kan det vere lurt med noko varmt som f.eks rett i koppen suppe.

Middag
Middagen er det viktigaste måltidet om dagen. her er det viktig at du får i deg noko varm mat. Middagen bør også innehalde rikelege mengder med væske, for sjølv om vi resten av dagen drikk rikeleg med væske er det vanskeleg å få i seg nok væske.

Foliepakke på bål

Dette treng du til 1 porsjon:
0,5 stk kyllingfilet i bitar
0,5 gulrot
1 stk poteter
Paprikastrimler
1 ss smør
Litt paprikapulver
Salt og pepper

Rens og skjær grønsakene i passe bitar.
Legg kyllingbitane over på et ark aluminiumsfolie saman med grønsakene,
smør, krydder, salt og pepper.
Pakk det godt saman og legg det på bålet i ca 8-10 minuttar










Dessert
Banan med smeltet sjokolade på bålet

Du treng ein sjokolade, det som anbefalast er bergene sjokolade
Så treng du bananer og aluminiumsfolie til å bake inn sjokoladen
Skjær eit snitt på langs bananen og putt sjokoladebitar ned i hullet
Deretter bakar du inn bananen inn i aluminiumsfolie
Legg den på bålet og la den ligg til sjokoladen har smelta
Resultatet blir himmelsk godt, verdt å prøve!