torsdag 23. oktober 2014

Overnattingstur til Nuken

Torsdag den 16 etter skulen, reiste friluftslivklassen på overnattingstur til Nuken. Nokre dagar i forvegen hadde me planlagt korleis turen skulle gå føre seg. Vi hadde delt inn i grupper der kvar gruppe skulle planlegge ein del av turen.

Den første gruppa laga nokre mål over kva vi skulle gjer på turen. Dei måla var å tenne bål, pakke ned leiren meir effektiv enn forrige gong, sidan når me var på fjærlandssete brukte me lenger tid enn det me hadde planlagt til å pakke ned. Og me skulle læra meir om å vera på tur i haustfjellet og vi skulle ha det kjekt.

Ei anna gruppe hadde
om korleis me skulle bevege oss i haustfjellet. Dei punkta dei skreiv opp som me måtte følge var at den gruppa som leda skal alltid gå i front. det er viktig at me held oss samla, og at vi held eit tempo som alle kan følga. et siste var at vi ikkje skulle ta sjansar på vegna av gruppa.


Våra gruppe laga utstyrsliste over kva vi skulle ha me som personleg utstyr og kva vi skulle ha med som fellesutstyr. Det me endra mest frå sist gong var at me skulle ha med endå meir tjukke kle og ullsokka til kvelden og natta sidan det hadde blitt litt kaldt for dei fleste sist gong.

Ei gruppe laga tidsskjema, når tid vi skulle begynne å gå og når tid vi skulle ha pause OSV, som vart kalla for plan A:
Torsdag:
1600 - Oppmøte
1700 - Gå fra Åsen
1800 - Framme
1900 - Leir klar, middag i gang

Fredag
0900 - Stå opp
1030 - Avreise
1115 - Nuken, mat
1200 - Avreise Nuken
1330 - Skulen
1400 - Utstyr klar, GOD HELG!

Det var denna tidsplanen me følgde, me følgte den faktisk veldig, me kom fram til det tidpunktet vi hadde satt opp osv. Dag to så endra vi litt på planen at me ville ikkje ete lunsj på nuken, men me ville heller ta ein pause på Hølsete. Ellers så følgde me denne planen. Me hadde også ein plan B, visst noko skulle skje. Då skulle me returnere til åsen og ta bilen som stod igjen der ned igjen visst noko skjedde. Vi oppretta ein kriseplan og, visst det skulle skje noko meir alvorleg, då skulle me ringa nødnummeret og få hjelp av AMK. Og evt, bruke plan B om nødvendig.



Ei anna gruppe planla kva veg vi skulle gå og laga eit turkart, og rekna ut ut sånn cirka kor langt det var fra start til slutt og kor lang tid me ville bruke på å gå begge dagane. Dag 1 hadde dei rekna ut at me skulle gå ca 2 km, og det var 150 hm me skulle opp, så turen ville ta i underkant av 1 time, det stemte sånn cirka. Dag 2 skulle me gå 7 km og opp 100 hm, så då rekna me ut at me skulle bruke cirka 2,5 timar. Det stemte godt overens med tida vi brukte




På torsdag etter skulern kjøyrte me maxitaxi opp til åsen. Frå Åsen til Halsavatnet var det gruppe 2 som navigerte/bestemte veg.Når me gjekk opp på samla vi sammen ved på vegen opp. Grunnen til at vi samla sammen då, var at det ville bli vanskeleg og finne god og tørr ved når det vart mørkt, og me hadde ikkje så god tid der oppe før det vart mørkt. Ved halsavatnet skulle gruppe 1 finne overnattingsplass. Men dei to gruppene blei slått sman sidan det var en del som ikkje var med på turen. Når me hadde funne ein god overnattingsplass begynnte vi å sette opp telta. det gjekk eigentleg ganske fort, men vi klarte å sette opp telte feil veg, men det ordna me fort. Når vi var ferdig me å sette opp telta så begynnte vi med matlaginga. Eg var på gruppe med Hanne, Marianne og Sanna, vi laga oss tomatsuppe. nokre begynnte smatidig å lage til eit bål. Denna gangen laga vi til eit vinterbål. Det var mykje meir samhald i gruppa denna gangen og alle satt samla rundt bålet utover på kvelden.

Denna gangen laga vi eit vinterbål
På fredagen stod vi opp og pakka sammen teltet og alt utstyret og laga til frukost. Denna gangen vart me klare til å gå før tiden. I dag var det mi gruppe som hadde ansvaret frå Halsavatnet opp til Nuken, det var ganske lett veg, sidan det var sti nesten heile vegen og me hadde blitt meir kjend med kart og kompass sidan forrige tur. Frå Nuken til hølsete var det var det gruppe 4 som leda an. På Hølsete tok me å åt lunsj. Ned igjen frå Hølsete til skulen var det gruppe 3 som hadde ansvaret

Her er et bilde fra når vi var
komt opp på Nuken 


Dag 2, når vi var på veg ned igjen
fra Hølsete var det blitt sol og fint vær




tirsdag 30. september 2014

Bålbrenning

Friluftslivklassen møttes utanfor inngangen til nye skulen. Me gjekk opp til Rutlin for å lære om bålbrenning. Der var det to studentar som allereie hadde laga bålet klart. Mi fikk forskjellig oppgaver, vi samla never sia det er godt å bruke til opptenninga. Medan nokon andre kløyvde ved. Nokon laga ein trefot som oppheng til vannkjelen. Dei siste spikka opp små fliser til opptenninga. Ved bålet grilla vi pølser, nokon hadde med seg ostesmørbrød. Eg og Hanne skjerte opp eplebåtar med kanel og vaniljesukker og stekte det på bålet.

Det me lærte om bål var at som opptenning er det alltid lurt å bruke bjørkenever. Den båltypen me lærte om var vinterbål. Det begynnte med litt store vedkubbar. Så tynn og tørr ved, deretter tynne, tørre kvistar og tørr flis, så var det spon flisa av tørr ved og tørt granris. Til slutt var det bjørkenever på toppen av bålet. Fordi bålet brenn frå toppen vil alltid dette type bål ha tilgang på oksygen. 

lørdag 27. september 2014

Fjærlandssete


Me møtte opp utanfor friluftslivlageret mandags morning klare og ferdigpakka. Der møttes vi i gruppene og fordelte fellesutstyret, slik at alle tok litt kvar. Eg var på gruppe med Daniel, Victoria og Rebekka. Når alle hadde komme kjørte vi oppover mot øvstedalen. Oppi øvstedalen fant vi fram kart og kompass og orienterte oss slik at alle visste kor vi var. Den første gruppa førte oss fram til furusete der vi hadde 1 times lunsjpause. Derifra førte den gruppe nr 2 oss til fjærlandssete. Når me hadde komme fram til fjærlandssete var det våres gruppe sin tur til å finne ein god teltplass. Vi fann ein teltplass nær vatnet der det var tørt og ikkje så veldig fuktig. Når vi hadde satt opp teltet reiste eg med nokon andre å fiska. Eg fekk ingen fisk, men eine venninna mi fikk ein fjellaure. Etterpå møttes vi i gruppene og laga middag, våra gruppe laga Kylling fajitas. det var utrulig godt. Etterpå hadde kvar gruppe gjøymt 1 ting som ei anna gruppe skulle finne ut frå kart beskrivingane våre. Vi hadde ein quiz om friluftsliv som Torgeir og Kristina hadde laga etter det. På kvelden tente vi bål og grilla pølser og berre satt å prata lenge, og hadde nokre gåter. Neste dag stod me opp å pakka teltet og me skulle lage pannekake til frukost noko som blei mislykka.

No fikk vi ansvaret for å føre resten av gruppa frå fjærlandssete halveis til fjærlandsete. Når alle var klare gjekk me videre. Halveis til fagereggja overlot vi ansvaret til den neste gruppa. Me tok ein pause på fagereggji før me gjekk mot kollsete. Nede frå riksveien tok me ein rutebuss tilbake til sogndal.

Noko eg gjorde bra på denne turen er at eg hadde med meg nok kle til begge dagane. Eg hadde med meg tjukke kle til kvelden når det var kaldt ute og tynnare kle til på dagen når det var varmt. Eg hadde me meg fleire sokkepar, spesielt tjukke sokkar til kvelden når det vart veldig kaldt ute.

Noko eg kunne gjort betre på denne turen var å ha med meg meir mat. Sia me skulle eigentlig ha pannekake til frukost, men det vart litt mislykka. Og då hadde eg ikkje tenkt på å ha med meg ekstra mat i tilfelle me ikkje fikk lage så masse pannekaker. Men då fikk eg knekkebrød av nokon andre. Så på neste tur kjem eg til å ta med meg meit mat.

Noko eg lærte på denne turen er at ein skal vere forsiktig med stormkjøkken og ild. At du ikkje skal få panikk når det først e noko som tar fyr. Neste gang visst stormkjøkkene tar fyr trur eg ikkje vi ville ha fått så mykje panikk. Eg har og lært mykje meir om kart og kompass og korleis vi brukar det. Eg har lært korleis det er lurt å pakke sekken og at du må ha med deg rikelig med mat.