Friluftslivklassen møttes utanfor inngangen til nye skulen. Me gjekk opp til Rutlin for å lære om bålbrenning. Der var det to studentar som allereie hadde laga bålet klart. Mi fikk forskjellig oppgaver, vi samla never sia det er godt å bruke til opptenninga. Medan nokon andre kløyvde ved. Nokon laga ein trefot som oppheng til vannkjelen. Dei siste spikka opp små fliser til opptenninga. Ved bålet grilla vi pølser, nokon hadde med seg ostesmørbrød. Eg og Hanne skjerte opp eplebåtar med kanel og vaniljesukker og stekte det på bålet.
Det me lærte om bål var at som opptenning er det alltid lurt å bruke bjørkenever. Den båltypen me lærte om var vinterbål. Det begynnte med litt store vedkubbar. Så tynn og tørr ved, deretter tynne, tørre kvistar og tørr flis, så var det spon flisa av tørr ved og tørt granris. Til slutt var det bjørkenever på toppen av bålet. Fordi bålet brenn frå toppen vil alltid dette type bål ha tilgang på oksygen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar