Det me lærte om bål var at som opptenning er det alltid lurt å bruke bjørkenever. Den båltypen me lærte om var vinterbål. Det begynnte med litt store vedkubbar. Så tynn og tørr ved, deretter tynne, tørre kvistar og tørr flis, så var det spon flisa av tørr ved og tørt granris. Til slutt var det bjørkenever på toppen av bålet. Fordi bålet brenn frå toppen vil alltid dette type bål ha tilgang på oksygen.
tirsdag 30. september 2014
Bålbrenning
Friluftslivklassen møttes utanfor inngangen til nye skulen. Me gjekk opp til Rutlin for å lære om bålbrenning. Der var det to studentar som allereie hadde laga bålet klart. Mi fikk forskjellig oppgaver, vi samla never sia det er godt å bruke til opptenninga. Medan nokon andre kløyvde ved. Nokon laga ein trefot som oppheng til vannkjelen. Dei siste spikka opp små fliser til opptenninga. Ved bålet grilla vi pølser, nokon hadde med seg ostesmørbrød. Eg og Hanne skjerte opp eplebåtar med kanel og vaniljesukker og stekte det på bålet.
lørdag 27. september 2014
Fjærlandssete

No fikk vi ansvaret for å føre resten av gruppa frå fjærlandssete halveis til fjærlandsete. Når alle var klare gjekk me videre. Halveis til fagereggja overlot vi ansvaret til den neste gruppa. Me tok ein pause på fagereggji før me gjekk mot kollsete. Nede frå riksveien tok me ein rutebuss tilbake til sogndal.
Noko eg gjorde bra på denne turen er at eg hadde med meg nok
kle til begge dagane. Eg hadde med meg tjukke kle til kvelden når det var kaldt
ute og tynnare kle til på dagen når det var varmt. Eg hadde me meg fleire
sokkepar, spesielt tjukke sokkar til kvelden når det vart veldig kaldt ute.
Noko eg kunne gjort betre på denne turen var å ha med meg
meir mat. Sia me skulle eigentlig ha pannekake til frukost, men det vart litt
mislykka. Og då hadde eg ikkje tenkt på å ha med meg ekstra mat i tilfelle me
ikkje fikk lage så masse pannekaker. Men då fikk eg knekkebrød av nokon andre. Så på neste tur kjem eg til å ta med meg
meit mat.
Abonner på:
Innlegg (Atom)