lørdag 27. september 2014

Fjærlandssete


Me møtte opp utanfor friluftslivlageret mandags morning klare og ferdigpakka. Der møttes vi i gruppene og fordelte fellesutstyret, slik at alle tok litt kvar. Eg var på gruppe med Daniel, Victoria og Rebekka. Når alle hadde komme kjørte vi oppover mot øvstedalen. Oppi øvstedalen fant vi fram kart og kompass og orienterte oss slik at alle visste kor vi var. Den første gruppa førte oss fram til furusete der vi hadde 1 times lunsjpause. Derifra førte den gruppe nr 2 oss til fjærlandssete. Når me hadde komme fram til fjærlandssete var det våres gruppe sin tur til å finne ein god teltplass. Vi fann ein teltplass nær vatnet der det var tørt og ikkje så veldig fuktig. Når vi hadde satt opp teltet reiste eg med nokon andre å fiska. Eg fekk ingen fisk, men eine venninna mi fikk ein fjellaure. Etterpå møttes vi i gruppene og laga middag, våra gruppe laga Kylling fajitas. det var utrulig godt. Etterpå hadde kvar gruppe gjøymt 1 ting som ei anna gruppe skulle finne ut frå kart beskrivingane våre. Vi hadde ein quiz om friluftsliv som Torgeir og Kristina hadde laga etter det. På kvelden tente vi bål og grilla pølser og berre satt å prata lenge, og hadde nokre gåter. Neste dag stod me opp å pakka teltet og me skulle lage pannekake til frukost noko som blei mislykka.

No fikk vi ansvaret for å føre resten av gruppa frå fjærlandssete halveis til fjærlandsete. Når alle var klare gjekk me videre. Halveis til fagereggja overlot vi ansvaret til den neste gruppa. Me tok ein pause på fagereggji før me gjekk mot kollsete. Nede frå riksveien tok me ein rutebuss tilbake til sogndal.

Noko eg gjorde bra på denne turen er at eg hadde med meg nok kle til begge dagane. Eg hadde med meg tjukke kle til kvelden når det var kaldt ute og tynnare kle til på dagen når det var varmt. Eg hadde me meg fleire sokkepar, spesielt tjukke sokkar til kvelden når det vart veldig kaldt ute.

Noko eg kunne gjort betre på denne turen var å ha med meg meir mat. Sia me skulle eigentlig ha pannekake til frukost, men det vart litt mislykka. Og då hadde eg ikkje tenkt på å ha med meg ekstra mat i tilfelle me ikkje fikk lage så masse pannekaker. Men då fikk eg knekkebrød av nokon andre. Så på neste tur kjem eg til å ta med meg meit mat.

Noko eg lærte på denne turen er at ein skal vere forsiktig med stormkjøkken og ild. At du ikkje skal få panikk når det først e noko som tar fyr. Neste gang visst stormkjøkkene tar fyr trur eg ikkje vi ville ha fått så mykje panikk. Eg har og lært mykje meir om kart og kompass og korleis vi brukar det. Eg har lært korleis det er lurt å pakke sekken og at du må ha med deg rikelig med mat.

2 kommentarer: