torsdag 21. mai 2015

Kanopadling og kameratredning


Før du set ut på vatnet

Utstyr:
-Redningsvest/flytevst er alltid nødvendig når ein er på padling
- Svamp, til å få ut vatn
- Ekstra åre, i tilfelle nook skulle skje med dei andre
- Tau (til sleping)

Det som er viktig å sjekke før ein legg ut på tur er at kanoen er i orden. At den ikkje har lekkasjar eller skadar

På vatnet

Der dei fleste skadane skjer er når du skal setje kanoen på vatnet eller tek han opp. Det er der dei fleste ufrivillige bada skjer også. Handteringa av kanoen på land er viktig, ein må unngå unødvendig skraping mot svaberg, grus, skare steinar osv. dette kan føre til at kanoen blir skada, øydelagd. Ein må velje ein djup nok stad når vi skal gå i land slik at ein unngår skade på kanoen. Ein bør alltid løfte bagasjen oppi kanoen før ein går oppi sjølv. Og ta ut bagasjen før de dreg den på land.

Dei fleste kanoane har sete du kan sitje på. Den beste sittestillinga får du visst du står på knea og kviler baken mot setet. Du får då bedre balanse, og du har mykje større rekkevidde når du padlar.Eller at du sitt med beina i kryss for meir stabilitet.

Når du skal halde åra, skal den ytre handa ha eit godt tak nede på skaftet, og den indre fattar om eller over grepet. Lengda på åra vel du etter kroppshøgda. Åra skal rekke deg litt over haka. Dei fleste taka skal gjerast med strake armar. Det er årebladet du brukar for å kunne overføre kraft, du manøvrer med å variere måten å føre årebladet gjennom vatnet på, til dømes dra det langs  ripa, i boge, rett innover eller rett utover frå båtsida. Alle tak skal vere flytande og rytmiske, for å få best framdrift. Når ein er to som padlar saman, padlar ein vanlegvis på kvar si side. Farten på båten er avhengig av den krafta de legg i taka, og av takta.

                                                     Kameratredning

Å redde andre eller seg sjølv etter ein kanovelt var faktisk ikkje så vanskelig som eg først trudde. Først gjekk vi igjennom det i klassrommet kva vi skulle gjere når vi velta før vi prøvde det ut sjølv i bassenget. Eg synest at det vanskligaste var faktisk å komme seg opp igjen i kanoen etter at den var blitt tømt og snudd. Men alt gjekk egentlig veldig bra.

Når ein veltar kanoen på tur, er det utrulig viktig at du har ein kameratkano. Altså at to og to kanoar padlar saman og ikkje så langt frå kvarandre. Det første steget du gjer er at dei som ligg i vatnet pressar seg mot enden slik at dei som sitt oppi den andre kanoen får tak i den. Dei drar kanoen heilt oppå deira eigen, slik at den blir tømt for vatn. Deretter snur dei kanoen, og skyve den utpå vatnet igjen. vi legg så dei to kanoane intill kvarandre slik at dei i vatnet kan bruke begge kanoane til å komme seg opp igjen i deira eigen kano.

Å redde andre eller seg selv etter en kanovelt viste seg faktisk å være lettere enn det jeg først trodde da vi snakket om det på land. Vi fikk først en innføring i hvordan det skulle gjøres før vi ble satt til å prøve det i praksis på egenhånd. Det vanskligste viste seg å være å komme seg opp i kanoen igjen etter at den var blitt tømt og veltet tilbake, men heller ikke det var så veldig vanskelig. Med godt sammarbeid mellom kanoenen og studiekameratene, ble kanoredningen en ting som alle i klassen fikk til ganske fort.

Det var utrulig bra at me fekk øvd på dette sidan me snart skal ut på overnattingstur med kano. Alt i alt så gjekk det veldig bra, men eg trur situasjonen hadde vert anleis hadde det skjedd utpå fjorden, der vatnet er mykje kaldare, då hadde ein kanskje ikkje vore så roleg som vi var når vi øvde i bassenget.







onsdag 25. mars 2015

Snøholetur

Mandag til Tirsdag var Friluftslivklassen på tur til Hodlekve. Det var på Rysete me fant den best egna plassen til å grave snøholene. I detta blogginnlegget skal eg fokusere på konstruksjonen og bygginga av snøhola og erfaringar eg fekk frå turen.Det første du bør gjere når du skal bygge snøhole e å finna ein godt egna plass. Du må passe på at skavelen ikkje e for bratt, ikkje over 30 grader og helst ikkje over 5 meter. Då er det tryggast å grave ei snøhole. Det kan bli for stor skredfare, visst skavelen er veldig høg eller bratt. Deretter må ein bruka søkestang og sjekka at det er god snø langt innover. Slik du får god plass til å grava snøhola på.
Det har mykje å seie ka snø du grev i. Om den er hard eller lett og mjuk. Det tar mykje ekstra tid visst ein må grave i tung og hard snø.

Når du byrjar å grave, bør ein grave to hull. Der det eine e hovudinngangen og det andre er brisken. Desse bør ligge ca 1 meter frå kvarandre. Hovudinngange bør vere høg, like høg slik at du kan stå og grave, det gjer gravinga mykje lettare. Brisken treng ikkje vere så stor, den treng ikkje ver større enn at ein fint klarer å sitje å grave. Når ein grev to inngangar gjer det til at fleire kan grave samtidig, og det blir meir effektivt og tar ikkje så lang tid. Brisken bør ligge høgare oppe enn hovudinngang, sia det er i den høgda du skal sove. Kuldegropa, altså gangen inn bør ligge minst ein halv meter under der du søv. Slik at det blir best mulig å sove i snøhola. Visst ein gjer det sånn vil tempraturen der du søv vere rundt 0 grader. Ytterveggane i snøhola bør vere rundt 40 cm breie. Dette fordi at det vil gi best varme inni snøhola. Taket i snøhola er det viktig at blir bra, det bør helst vere eit kuppelforma tak, slik at vekta blir fordelt. Og med mest mulig utjamna tak slepp ein at det drypp ned vatn, smelta snø, når ein søv om natta.
Her ser du snøhola utanfrå når me dreiv
på å laga snøblokkene som skulle tette igjen
øvste del av inngangen


Utsikta ut frå snøhola

Brisken skal tettast igjen, sia me vil ha minst mulig gjennomtrekk, og varmast mulig inni snøhola. Etter det tar du til med å grave snøblokker som du skal tette igjen halve hovudinngangen med. Det som er ca under hoftehøgde skulle stå igjen som inngangen vår. Me brukte et par ski under snøblokkene slik at det skulle rase sammen. Når du er ferdig er det viktig at du sett et par spada inni hola før du legg deg, slik at visst noko skulle oppstå om natta så har du spadane.

Erfaringane mine etter turen var for meste gode. Det var ein kjekk tur. Men våra gruppe hadde veldig hard snø og grave i. Du merka då veldig fort at det var tungt å grave. Så det er stor forskjell på om du grev i hard snø eller mjuk snø. Men det som er fordelen med hard snø, er at om natta så synk sannsynligvis ikkje snøhola noke særlig. Mæ lærte om dei ulike snølaga på turen, der dei hadde gravd et par meter ned i ein skavel, me såg tydelig dei forskjellige laga i snøen.




Utsikten frå Rysete, var nydelig vær
dagen etterpå




lørdag 28. februar 2015

Skitur mot Skavasshaugane og Pikkhaug

No har friluluftslivklassen vert på to skiturar. Før den første turen hadde me laga pakkaliste, og me laga plan A og B og kriseplan. Plan A var å gå mot Reipa, følge skavassgrovi oppover mot skavasshaugane og returnere samme veg. Plan B var å gå mot Reipa, følgje stien mot rysete og eventuelt å gå opp på skavasshaugane. Kriseplanen var å returnere på eit gunstig tidspunkt dersom noko skulle skje. Men på turen gjekk alt som planlagt og me følgde plan A. Den første turen reiste me til Hodlekve, bussen køyrte oss opp til Rindabotn. Derifra gjekk vi opp mot Reipa og me følgde skavassgrovi oppover. Vi gjekk opp mot skavasshaugane. På førehand hadde me lært ein del om skredterreng og korleis me skulle bevege oss i eit skredutsatt område. Dei kunnskapane brukte me på turen. Når du bevegar deg i vinterfjellet er det mykje meir å tenke på enn når du bevegar deg i fjellet ellers i året. Når me var på tur i Hodlekve var det ein del vind og snø. Når me nesten hadde komme oss opp dit me skulle var det nokon som måtte ta i bruk kriseplanen og returnere ned igjen samme veg til bilen. Me andre gjekk opp og tok av fellene og for ned igjen ein anna veg. Eg sjølv hadde eit ganske stort fall på den turen, men alt gjekk no bra til slutt. Me kom ned igjen til Rindabotn og returnerte ned igjen til skulen kl 3.


Den andre skituren me hadde skulle me til Kaupanger. Denna gangen hadde ikkje me sjølve planlagt noko på førehand, men me hadde me oss ein student som la fram planane kva dei hadde tenkt, kor me skulle gå osv. Planen var at me skulle gå opp på toppen Pikkhaug. Men taxien som vi skulle ta, var 30 min for sein, og då rakk me ikkje å gå så langt som planlagt. Me gjekk mot ospesete, dit så følgde me vegen heile tida. Men derifra måtte me ta ut kompasskursen og gå mot der den andre vegen og kraftlinja møttes. Me traff på vegen førsdt, så følgde me den til kraftilnja. Etter det følgde me kraftlinja oppover til kraftlinja fekk ein knekk, siden me bestemte at me skulle gå dit og ikkje heilt opp sidan me fekk for dårlig tid. Me følgde plan B som var å returnere på eit gunstig tidspunkt slik at vi rakk bussen ned igjen. Men før me reiste ned igjen øvde me på å ta ut kompasskursen, der me skulle finne eit vatn, og eit kryss der fleire vegar møttes. På vegen ned igjen følgde me kraftlinja ned til vegen og gjekk derifra og bort igjen til bussen og bilen.

Målet for den første turen var å teste utstyret, og sjekke om det fungerar bra. Utstyret fungerte ganske bra på begge turane. På turane har me lært mykje om skredterreng og skredfare. På den siste turen hadde vi en del kompass øvingar, sjølv om vi kunne det fra før av så vart du litt tryggare på å kunne ta ut kompasskursen sjølv. Vi lærte korleis vi skulle kjenne att terrenget i vinterfjellet på kartet. Då kunne me ofte bruke toppar, søkk, kraftlinjer og hytter til å orientere oss kor vi er i terrenget. Det var to ganske kjekke turar, der vi lærte mykje nytt. 

fredag 9. januar 2015

Fornuftig mat på tur

Når ein er på tur er det viktig å få i seg nok mat. På tur treng vi meir mat enn på ein stillesitjande kvardag. På turen treng du ca 3000-5000 kcal. Ute på tur treng du og mykje meir væske enn vanleg. Vi treng og å få i oss fornuftig og rett type mat. Du bør ha med deg ein variert kost. Både sjokolade og grovbrød osv. Sjokoladen gir rask energi, men den varar ikkje så lenge, medan grovbrød varar gir litt mindre nergi men varar i fleire timar. Matpakken bør helst inneholde ein god porsjon karbohydrater som gir eit stabilt blodsukker over tid. Karbohydrat har vist seg å vere den mest effektive energien for musklane våra ved høg intensitet. I kvardagen bør inntaket av mat innehalde ca 55% karbohydrat, 30 % feitt og 15 % protein, men når du er på tur kan det vere lurt å auke inntaket av karbohydrat for å sikre nivået på blodsukker og glykogen.

For dei som går raske turar å ikkje ønskar å bere med seg for mykje, er det viktig å velga mat som tar liten plass, men som likevel gir bra og riktig energi Gode alternativ då er muslibarer, sportsbarer, tørka frukt og litt nøtter eller banan, pluss rikelig med drikke
Ein god regel visst du skal på langtur er å alltid ta med litt ekstra mat og drikke for sikkerhetsskyld, særleg visst du er på tur i områder kor du ikkje er så kjent og ikkje er heilt sikker på kor lang turen blir til slutt.

Årstida  spelar ei rolle når du skal finne ut kva du skal ha med deg på tur. Når det er kaldt og frostvær må du tenke på at maten ikkje skal fryse, og i varmen må ein tenke på at maten skal halde seg. Vi set ulike krav til mat på ulike turar. Maten til tur i vinterfjellet stiller dei største krava til oss, for her må vi tenke på at han skal oppfylle fleire krav samtidig; Han skal gi varme, må ikkje fryse, vere lett, fylle lite og gi mykje energi.

Frukost
Til frukost lønnar det seg å ete havregraut eller liknande, med litt tilbehør som f.eks rosin, blåbær eller nøtter. Havregruten har nokre klare fordelar som turfrukost. Råvarene er lette og rike på karbohydratar, du får i deg mykje væske og det er alltid godt med ein varm frukost som start på dagen. Det er ein ganske enkel frukost der du berre kokar opp havregryn og vvatn. Havegrauten gir deg energi som varer i fleire timar, derfor er det veldig bra å ete til frukost.

Havregraut (8 personar)
4 store koppar havregryn
8 store koppar vatn
eventuelt litt salt
Kok havregryn og vatn opp og la det koke
i 2-4 minutt. Deretter smaker du grauten
til med salt. Kan varierast med tørka frukt,
solsikkekjernar, nøtter, smør, sukker osv.


Frokostblanding
250 g store havregryn
150 g cornflakes
100 g rosiner
100 g havrekli
100 g nøtter eller solsikkekjerner
10 matskeier tørrmjølk
Sukker etter ønske
Vekt ca 700 gr
Nok til 7 dagar

Lunsj
Medan til Lunsj er det lurt å velje noko brødmat som også gir deg energi som varer i fleire timar. Du må også drikke rikeleg med væske, då kan det vere lurt med noko varmt som f.eks rett i koppen suppe.

Middag
Middagen er det viktigaste måltidet om dagen. her er det viktig at du får i deg noko varm mat. Middagen bør også innehalde rikelege mengder med væske, for sjølv om vi resten av dagen drikk rikeleg med væske er det vanskeleg å få i seg nok væske.

Foliepakke på bål

Dette treng du til 1 porsjon:
0,5 stk kyllingfilet i bitar
0,5 gulrot
1 stk poteter
Paprikastrimler
1 ss smør
Litt paprikapulver
Salt og pepper

Rens og skjær grønsakene i passe bitar.
Legg kyllingbitane over på et ark aluminiumsfolie saman med grønsakene,
smør, krydder, salt og pepper.
Pakk det godt saman og legg det på bålet i ca 8-10 minuttar










Dessert
Banan med smeltet sjokolade på bålet

Du treng ein sjokolade, det som anbefalast er bergene sjokolade
Så treng du bananer og aluminiumsfolie til å bake inn sjokoladen
Skjær eit snitt på langs bananen og putt sjokoladebitar ned i hullet
Deretter bakar du inn bananen inn i aluminiumsfolie
Legg den på bålet og la den ligg til sjokoladen har smelta
Resultatet blir himmelsk godt, verdt å prøve!