Det har mykje å seie ka snø du grev i. Om den er hard eller lett og mjuk. Det tar mykje ekstra tid visst ein må grave i tung og hard snø.
Når du byrjar å grave, bør ein grave to hull. Der det eine e hovudinngangen og det andre er brisken. Desse bør ligge ca 1 meter frå kvarandre. Hovudinngange bør vere høg, like høg slik at du kan stå og grave, det gjer gravinga mykje lettare. Brisken treng ikkje vere så stor, den treng ikkje ver større enn at ein fint klarer å sitje å grave. Når ein grev to inngangar gjer det til at fleire kan grave samtidig, og det blir meir effektivt og tar ikkje så lang tid. Brisken bør ligge høgare oppe enn hovudinngang, sia det er i den høgda du skal sove. Kuldegropa, altså gangen inn bør ligge minst ein halv meter under der du søv. Slik at det blir best mulig å sove i snøhola. Visst ein gjer det sånn vil tempraturen der du søv vere rundt 0 grader. Ytterveggane i snøhola bør vere rundt 40 cm breie. Dette fordi at det vil gi best varme inni snøhola. Taket i snøhola er det viktig at blir bra, det bør helst vere eit kuppelforma tak, slik at vekta blir fordelt. Og med mest mulig utjamna tak slepp ein at det drypp ned vatn, smelta snø, når ein søv om natta.
Her ser du snøhola utanfrå når me dreiv
på å laga snøblokkene som skulle tette igjen
øvste del av inngangen
Utsikta ut frå snøhola
Brisken skal tettast igjen, sia me vil ha minst mulig gjennomtrekk, og varmast mulig inni snøhola. Etter det tar du til med å grave snøblokker som du skal tette igjen halve hovudinngangen med. Det som er ca under hoftehøgde skulle stå igjen som inngangen vår. Me brukte et par ski under snøblokkene slik at det skulle rase sammen. Når du er ferdig er det viktig at du sett et par spada inni hola før du legg deg, slik at visst noko skulle oppstå om natta så har du spadane.
Erfaringane mine etter turen var for meste gode. Det var ein kjekk tur. Men våra gruppe hadde veldig hard snø og grave i. Du merka då veldig fort at det var tungt å grave. Så det er stor forskjell på om du grev i hard snø eller mjuk snø. Men det som er fordelen med hard snø, er at om natta så synk sannsynligvis ikkje snøhola noke særlig. Mæ lærte om dei ulike snølaga på turen, der dei hadde gravd et par meter ned i ein skavel, me såg tydelig dei forskjellige laga i snøen.
Utsikten frå Rysete, var nydelig vær
dagen etterpå
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar