lørdag 28. februar 2015

Skitur mot Skavasshaugane og Pikkhaug

No har friluluftslivklassen vert på to skiturar. Før den første turen hadde me laga pakkaliste, og me laga plan A og B og kriseplan. Plan A var å gå mot Reipa, følge skavassgrovi oppover mot skavasshaugane og returnere samme veg. Plan B var å gå mot Reipa, følgje stien mot rysete og eventuelt å gå opp på skavasshaugane. Kriseplanen var å returnere på eit gunstig tidspunkt dersom noko skulle skje. Men på turen gjekk alt som planlagt og me følgde plan A. Den første turen reiste me til Hodlekve, bussen køyrte oss opp til Rindabotn. Derifra gjekk vi opp mot Reipa og me følgde skavassgrovi oppover. Vi gjekk opp mot skavasshaugane. På førehand hadde me lært ein del om skredterreng og korleis me skulle bevege oss i eit skredutsatt område. Dei kunnskapane brukte me på turen. Når du bevegar deg i vinterfjellet er det mykje meir å tenke på enn når du bevegar deg i fjellet ellers i året. Når me var på tur i Hodlekve var det ein del vind og snø. Når me nesten hadde komme oss opp dit me skulle var det nokon som måtte ta i bruk kriseplanen og returnere ned igjen samme veg til bilen. Me andre gjekk opp og tok av fellene og for ned igjen ein anna veg. Eg sjølv hadde eit ganske stort fall på den turen, men alt gjekk no bra til slutt. Me kom ned igjen til Rindabotn og returnerte ned igjen til skulen kl 3.


Den andre skituren me hadde skulle me til Kaupanger. Denna gangen hadde ikkje me sjølve planlagt noko på førehand, men me hadde me oss ein student som la fram planane kva dei hadde tenkt, kor me skulle gå osv. Planen var at me skulle gå opp på toppen Pikkhaug. Men taxien som vi skulle ta, var 30 min for sein, og då rakk me ikkje å gå så langt som planlagt. Me gjekk mot ospesete, dit så følgde me vegen heile tida. Men derifra måtte me ta ut kompasskursen og gå mot der den andre vegen og kraftlinja møttes. Me traff på vegen førsdt, så følgde me den til kraftilnja. Etter det følgde me kraftlinja oppover til kraftlinja fekk ein knekk, siden me bestemte at me skulle gå dit og ikkje heilt opp sidan me fekk for dårlig tid. Me følgde plan B som var å returnere på eit gunstig tidspunkt slik at vi rakk bussen ned igjen. Men før me reiste ned igjen øvde me på å ta ut kompasskursen, der me skulle finne eit vatn, og eit kryss der fleire vegar møttes. På vegen ned igjen følgde me kraftlinja ned til vegen og gjekk derifra og bort igjen til bussen og bilen.

Målet for den første turen var å teste utstyret, og sjekke om det fungerar bra. Utstyret fungerte ganske bra på begge turane. På turane har me lært mykje om skredterreng og skredfare. På den siste turen hadde vi en del kompass øvingar, sjølv om vi kunne det fra før av så vart du litt tryggare på å kunne ta ut kompasskursen sjølv. Vi lærte korleis vi skulle kjenne att terrenget i vinterfjellet på kartet. Då kunne me ofte bruke toppar, søkk, kraftlinjer og hytter til å orientere oss kor vi er i terrenget. Det var to ganske kjekke turar, der vi lærte mykje nytt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar