Før du set ut på vatnet
Utstyr:
-Redningsvest/flytevst er alltid nødvendig når ein er på padling
- Svamp, til å få ut vatn
- Ekstra åre, i tilfelle nook skulle skje med dei andre
- Tau (til sleping)
Det som er viktig å sjekke før ein legg ut på tur er at kanoen er i orden. At den ikkje har lekkasjar eller skadar
På vatnet
Der dei fleste skadane skjer er når du skal setje kanoen på vatnet eller tek han opp. Det er der dei fleste ufrivillige bada skjer også. Handteringa av kanoen på land er viktig, ein må unngå unødvendig skraping mot svaberg, grus, skare steinar osv. dette kan føre til at kanoen blir skada, øydelagd. Ein må velje ein djup nok stad når vi skal gå i land slik at ein unngår skade på kanoen. Ein bør alltid løfte bagasjen oppi kanoen før ein går oppi sjølv. Og ta ut bagasjen før de dreg den på land.
Dei fleste kanoane har sete du kan sitje på. Den beste sittestillinga får du visst du står på knea og kviler baken mot setet. Du får då bedre balanse, og du har mykje større rekkevidde når du padlar.Eller at du sitt med beina i kryss for meir stabilitet.
Når du skal halde åra, skal den ytre handa ha eit godt tak nede på skaftet, og den indre fattar om eller over grepet. Lengda på åra vel du etter kroppshøgda. Åra skal rekke deg litt over haka. Dei fleste taka skal gjerast med strake armar. Det er årebladet du brukar for å kunne overføre kraft, du manøvrer med å variere måten å føre årebladet gjennom vatnet på, til dømes dra det langs ripa, i boge, rett innover eller rett utover frå båtsida. Alle tak skal vere flytande og rytmiske, for å få best framdrift. Når ein er to som padlar saman, padlar ein vanlegvis på kvar si side. Farten på båten er avhengig av den krafta de legg i taka, og av takta.
Kameratredning
Å redde andre eller seg sjølv etter ein kanovelt var faktisk ikkje så vanskelig som eg først trudde. Først gjekk vi igjennom det i klassrommet kva vi skulle gjere når vi velta før vi prøvde det ut sjølv i bassenget. Eg synest at det vanskligaste var faktisk å komme seg opp igjen i kanoen etter at den var blitt tømt og snudd. Men alt gjekk egentlig veldig bra.

Å redde andre eller seg selv etter en kanovelt viste seg faktisk å være lettere enn det jeg først trodde da vi snakket om det på land. Vi fikk først en innføring i hvordan det skulle gjøres før vi ble satt til å prøve det i praksis på egenhånd. Det vanskligste viste seg å være å komme seg opp i kanoen igjen etter at den var blitt tømt og veltet tilbake, men heller ikke det var så veldig vanskelig. Med godt sammarbeid mellom kanoenen og studiekameratene, ble kanoredningen en ting som alle i klassen fikk til ganske fort.
Det var utrulig bra at me fekk øvd på dette sidan me snart skal ut på overnattingstur med kano. Alt i alt så gjekk det veldig bra, men eg trur situasjonen hadde vert anleis hadde det skjedd utpå fjorden, der vatnet er mykje kaldare, då hadde ein kanskje ikkje vore så roleg som vi var når vi øvde i bassenget.